Rødt

Raudt Hordaland

Brubyggjaren - Minneord over Inge Børslien

Terje Kollbotn,
Raudt Odda

Foto: Rødt Hordaland
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Som lyn frå klår himmel kom meldinga:

Inge Børslien var sakna.

Vi representerte to ulike parti i formannskapet og kommunestyret

i Odda og i fylkestinget.

Men vi hadde mykje felles. Inge var ein brubyggjar.

Vi vart på parti i mange saker og samanhengar.

Inge var open og fekk andre til å opne seg.

Inge var glad og fekk andre til å bli glad.

Han var nysgjerrig på nye løysingar og nye vegar.

Han gjorde andre nysgjerrig.

Han viste respekt og fekk andre til å vise respekt.

Tråkka han over streken, var han den første til å seie seg lei.

Tråkka andre over streken, var han eit korrektiv.

Han kom utanfrå og vart odding.

Han vart svært glad i Odda og naturen og kulturen vår.

Han vart ein betre Odda-representant enn dei fleste

Han ville gravleggje Jantelova.

Han ville skape ein klimaplan og ein regnbogeallianse her inst i Sørfjorden.

Han ville få oss til å bli eindel av verda og verdsarven.

Inge ville skape eit nytt og betre klima i politikken og mellom folk elles.

Om saknet og tomrommet er stort:

Det han brann for, bør førast vidare - i hans ånd.  

Ei siste helsing frå partiet Raudt v/ Terje Kollbotn

Minneordet vart heldt under gravferda til Inge Børslien 27. januar 2010.

Publisert: , oppdatert: