Rødt

Raudt Hordaland

For ein restrektiv småkraftverksplan

Foto: Rødt Hordaland
Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse (by-nc-nd)

Under fylkestingsmøtet 8. desember sette Raudts gruppeleiar Dijana M. Saga fram forslag om at fylkesdelplanen for små vasskraftverk vart endra i samsvar med forslaget frå Naturvernforbundet i Hordaland sitt høyringsbrev frå 1. juli 2009.

Naturvernforbundets forslag inneber m.a. at det «i område med særskilt vern skal ein i utgangspunktet ikkje gje løyve til nye vasskraftanlegg, og ein bør vere svært restriktiv med plassering av nye anlegg tett opp til verna område.» Les heile høyringsbrevet her (pdf).

Dette endringsforslag vart sett fram av Raudt:

  1. Fylkestinget vedtek fylkesdelplan for små vasskraftverk 2009-2021 med mål og fylkespolitiske retningslinjer, i samsvar med forslaget fra Naturvernforbundet i Hordaland datert 1. juli 2009 i sakspapirene side 374-376.
  2. Fylkestinget vil be OED om å videreutvikle veileder for små vannkraftverk med bedre metode for rammevirkningsvurderinger på overordnet nivå. Samfunnsøkonomiske virkninger av små vannkraftutbygging sammenlignet med turisme, reiseliv og friluftsliv skal vurderes.

Forslaget falt med berre Raudts to røyster.

Publisert: , oppdatert: