Budsjettkommentar frå Raudt Odda
Av: Terje Kollbotn, gruppeleiar Raudt Odda
Over mange år har budsjettkameratane i AP, H og SP i Odda løyvd fleire titals millionar frå kommunekassa i tilskot og forskottering til riksvegar. Dei har brukt millionar på eksterne konsulentar til mislukka omstillingsprosjekt i kommunen.
Rådmannsløna har auka frå 480 000 til 800 000 frå 2003 til 2009. Leiarlønene har auka langt meir enn snittet. Kommunen si konseksjonskraft vart seld på billegsal til SØRAL på Husnes for 18,9 øre i 10 år. Dette utgjer eit årleg tap for Odda-samfunnet på minst 20 mill. Raudt (tidlegare RV) har vore usamd i alle desse prioriteringane. Fleirtalet i Odda kommunestyre har over tid svekka finansieringa av viktige velferdsoppgåver. Dagen før budsjettmøtet den 17.desember løyvde attpåtil fleirtalet (minus Raudt og Venstre) 3 mill. til SNU for kjøp av parkeringsplassar på Smelteverkstomta. Dette svekka kommuneøkonomien ytterlegare. Samstundes har den raud-grøne regjeringa (med unntak av i 2006) svikta løftet om auka overføringar til kommune-Norge.
Den nye storkoalisjonen (AP,H,SP,V og Nye Odda) vedtok til slutt eit budsjett for 2010 med kutt i viktige velferdsoppgåver på 11,1 mill. Dette er 1,1 mill. meir enn kva rådmannen foreslo. Konsekvensane blir store innan t.d. barnehagar, grunnskulen, kultur , pleie- og omsorg, helse og bygg- og eigedomsvedlikehald. Raudt freista å skjerme desse budsjettområda mest mogleg gjennom eit alternativt budsjettforslag.
For å finansiere dette, foreslo vi både kutt i politisk kapittel , administrasjon, redusert overføring frå drift til investering og å utsetje nedbetaling av lån Folgefonntunnellen I tillegg foreslo vi på nytt innføring av eigedomsskatt i heile kommunen og på alle typar eigedomar, slik vi gjorde i formannskapet 27.mars og i kommunestyret 15.april i år. Ingen av desse forslaga fekk støtte frå andre parti.
Budsjettvedtaket i Odda var ein politisk siger for den nye storkoalisjonen.Men det var eit nederlag for alle tilsette og innbyggjarar som ynskjer å forsvare og utvikle gode kommunale velferdstilbod i 2010.
Terje Kollbotn
gruppeleiar Raudt Odda
Publisert:

