Valprogram 2003-2007
Hordaland RV på Fylkestinget - valgprogram 2003-2007.
Innleiing: RV har samfunnsendring som mål
Raud Valallianse skil seg frå dei fleste andre partia ved at vi har grunnleggjande samfunnsendring som mål. Til liks med mange andre ser vi at ressursar og rikdomar er fundamentalt ulikt fordelt mellom samfunns- og folkegrupper, mellom regionar, land og statar og mellom kvinner og menn. Vårt mål er å endra på dette. Denne endringa kallar vi ein sosialistisk revolusjon. Vi ynskjer å skapa eit samfunn der menneska i fellesskap har kontroll over eigne ressursar og over fruktene av eiga verdiskaping og der omsynet til menneske og miljø vert sett fremst. Eit slikt langsett mål får også mykje å seia for måten vi arbeider på med konkrete einskildsaker i dag. I det daglege arbeid har vi har som målsetjing å setja lojalitet ovanfor folk flest fremst.
RV meiner at folk sjølv er betre eigna til å avgjere viktige saker enn pengefolk og byråkratar. RV meiner at deltaking og aksjonisme ikkje "uroar" demokratiet, men er sjølve kjernen i det. RV støtter tiltak som vil auke folkeleg deltaking. RV er imot overføring av makt og saksfelt frå folkevalte organ til lukka styrerom. Makt må flyttast andre vegen frå dei lukka bakrom der byråkratar, bedriftstoppar og marknadskrefter rår, og ut i organ der det er folkevalt styring. RV arbeider derfor på grunnlag av dei demokratiske rettane som folket har vunne og med basis i dei demokratiske institusjonane som finns. RV vil forsvara dei folkevalde institusjonane mot innskrenking i reell makt og mynde, og arbeida for å utvida dei demokratiske rettane til folk flest, jamfør til dømes innsyn i offentleg saksførehaving og informasjon.
Skule: Styrk satsinga på vidaregåande skular
RV meiner at satsinga på vidaregåande skular må styrkast. Dette gjeld både driftsmidlar og investeringar. Alle skal ha rett til å gå på ei skule i nærleiken av bustaden deira.
På Fylkestinget vil RV:
- Gå imot alle skulesamanslåingar og nedlegging av vidaregåande skular.
- Arbeida for at alle skal ha rett til å fullføra vidaregåande skule. Det skal ikkje leggast avgrensingar på kor lenge ein kan gå på vidaregåande skule.
- Arbeida for gratis skulebøker og andre læringsmidlar. På yrkesfaga skal utstyr som trengs i høve til undervisninga også væra gratis.
- Krevje fleire elevinspektørar ved skulene, minst 1 per 300 elevar
- Føreslå å auka satsinga på helseførebygging blant elevar. Helsesøster på kvar skule!
- Krevje at Investerings- og utbyggingsplanen for dei vidaregåande skulane vert oppretthalden og følgt.
- Føreslå å gjennomføra ei betring av innemiljø på skulane, arbeidsmiljølova må også gjelde for skuleelevar.
- Føreslå ei styrking av vaksenopplæringa, både ei betring i tilbodet og støtteordningar.
- Arbeide for å betre vaksne innvandrarar sin moglegheit for å ta vidaregåande opplæring.
- Arbeide for at kvinnestipend på mannsdominerte linjer på yrkesfag vert gjeninnført.
- Arbeide for at alle skular vert tilrettelagt for funksjonshemma.
- Arbeida for gratis skuleskyss til alle.
Samferdsle: Miljøvenleg, sosialt rettferdig og trygg
RV vil ha meir miljøvenleg, sosial rettferdig og trygg samferdsle. Positive verkemiddel som styrking av kollektivtilbod, gjere det både meir tilgjengeleg og billigare er hovudprioriteringa til RV i komande periode.
På Fylkestinget vil RV:
- Arbeida for at det blir mindre tilrettelegging for bilbruk, stopp i utbygginga av store veganlegg som Hardangerbrua og vegtunnel gjennom Ulriken.
- Arbeida for utbygging og vedlikehald av vegnett som legg vekt på tryggleik: utbygging til gul-midtlinje-standard, stor satsing på rassikring, større del av vegbudsjettet til vedlikehald av vegane.
- Føreslå at ferjene vert ein del av riksvegnettet, og dermed gratis å nytte.
- Styrka kollektivtrafikken samstundes som vi vil legga mindre til rette for privatbil i byane. Vi vil arbeida for raskt utbygging av Bybane i Bergen, dobbeltspor gjennom Ulriken, billigare buss og fleire avgangar, kollektivprioritering, mindre parkering i sentrum, vegprising/bomavgift for bilistar.
- Oppretthalda ordninga med kvalitetskontraktar med kollektivtransportselskapa, ikkje sette kollektivtilbod ut på anbod.
- Kollektivtransport må på sikt verta gratis.
- Folk med dårleg økonomi eller særskilte transportkrav: skuleelvar, studentar og rørslehemma får oppretthalda eller utvida noverande rabatt- og transportordning.
- Kollektivtransporten må tilretteleggast for blinde og rullestolbrukarar.
- Det må lagast ein plan for å betre og utvida ferje- og snøggbåttilbod, slik at folk som bur i distrikta lett kan reisa kollektivt.
- Arbeida for at meir godstrafikk vert lagt på båt og bane. Båttrafikk må vera eit alternativ ved alle store samferdselsplanar langs kysten. Når Bergensbana frå årsskiftet 2003/2004 har fått tunnelprofilar for lastebiltog (piggyback), må ein leggja godt tilrette for at lastebiltrafikk går med tog.
- Arbeide for at snøggtogbana over Haukeli vert realisert. Denne utbygginga kan redusera flytrafikken kraftig.
Energipolitikk: Trygg, sosialt rettferdig og miljøvenleg
RV vil ha ein trygg, sosial rettferdig og miljøvenleg energipolitikk.
På Fylkestinget vil RV:
- Freiste å avskaffe den liberale energilova og ha langsiktig leveringstryggleik på vasskraft
- Føreslå to-pris-system for elektrisitet for å stimulera til sparing.
- Føreslå utbygging av fornybare energiformer: bioenergi, varmepumpar, vasskraft i småskala, vindkraft, solvarme. Energipotensialet i desse kjeldene er stort nok til å dekka det overskuelege krav i Noreg, og denne løysinga gjev fleire arbeidsplassar enn andre løysingar.
- Arbeide mot utbygging av gasskraftverk i Noreg, men noko av gassen som vert teken opp bør nyttast som industriråstoff.
- Arbeide for at ein skal nytta gassdrivne ferjer.
- Koma med framlegg om plan og oppstart for utskifting av el- og oljebasert oppvarmingsanlegg i fylkeskommunale bygg.
Helse: Staten skal ikkje tena pengar på helse
RV ønskjar å reversere sjukehusreforma. Vi ønskjar at fylkeskommunen ikkje staten skal vera eigar og drivar av sjukehusa. Årsaka til dette er at RV meiner at ein viktig sektor som helse må vera underlagt full folkevalt kontroll og innsyn. I dag vert sjukehussektoren styrt ut i frå marknadsøkonomiske avvegingar i lukka styrerom. Helse kostar, det skal ikkje vera noko staten skal tena pengar på!
På Fylkestinget vil RV:
- Arbeida for at sjukehussektoren igjen vert lagt under folkevaltkontroll, helst ved at fylkeskommunen vert eigar og drivar av sjukehusa.
- Arbeida mot nedlegging av lokalsjukehus. Avdelingar, akuttberedskap og fødeavdelingane må bestå og heller utvida ved eit samspel mellom små og store sjukehus.
Tannhelse: Gratis offentleg tannhelseteneste
RV meiner at tannhelsetenesta i Noreg er skammeleg. Forsking syner at folk heile tida får dårlegare tenner. Samstundes vert tannhelsetenesta bygga ned til barn/ unge og pleietrengande eldre. Noreg er i dag eitt av to land i Europa, kor tannhelsetenesta ikkje går inn på lik linje som andre helseplagar i eit gratis og offentleg tilbod frå helsevesenet. RV meiner at utviklinga der tannhelsetenesta er overlate til den private marknaden ikkje betrar kvaliteten på tannhelsa til folk, snarare tvert i mot. Det er i dag fleire som ikkje går til tannlækjaren fordi dei beint fram ikkje har råd.
På Fylkestinget vil RV:
- Gratis offentleg tannhelseteneste til alle, utan omsyn til alder.
- Ingen nedlegging av tannklinikkar i perioden, men heller ei styrking av tannklinikkane i distrikta.
- Nytt odontologibygg ved Universitetet i Bergen, slik at me kan utdanne nok og gode tannlækjarar.
Kultur og idrett: Eit rikt, variert og folkeleg kulturliv
RV vil arbeida for eit rikt, variert og folkeleg kulturliv.
På Fylkestinget vil RV:
- Føreslå auka offentleg stønad til frivillige organisasjonar innan idrett, musikk, kunst og teater. Særskilt skal ein auka stønad til barne- og ungdomsorganisasjonar.
- Føreslå auka løyvingar til innvandrarorganisasjonar og fleirkulturelle tiltak.
- Føreslå auka offentleg stønad til kulturminnevern og landskapsvern.
- Føreslå å oppretta eit fylkeskommunalt utsmykkingsfond. 1,2% av byggekostnadene ved nybygg i regi av fylkeskommunen skal gå til utsmykking. Ein skal i stor grad prøve å nytta lokale kunstnarar til utsmykking av offentleg bygg og anlegg.
- Arbeida for at musea framleis skal vera eigd og driven av det offentlege.
- Arbeida mot at musea vert gjort om til stiftingar.
- Ein må styrkja bibliotektenesta, RV vil arbeida for at skulebiblioteka ved dei vidaregåande skulane vert styrka og at fylkeskommunane må ta sitt overordna ansvar for biblioteksektoren alvorleg og legge til rette for ei styrking av biblioteka i Hordaland. Framleis drift av bibliotekbåten.
- Krevje at staten aukar løyvingane til den kulturelle skulesekken.
- Krevje at dei fylkeskommunale utbyggingsplanane for idrettsanlegg må følgjast og ikkje trenerast som følgje av ein trong økonomi.
Næringspolitikk: Utvikle og opprette næringsfond
På Fylkestinget vil RV:
- Utvikla vidare eit næringsfond som særskilt skal rettes inn på å oppretting av kvinnearbeidsplassar.
- Gjera om Hardangerbru-fondet til eit næringsfond for utvikling av arbeidsplassar i indre Hardanger.
Kva RV gjorde på Fylkestinget 1999-2003
På fylkestinget 1999-2003 har RV mellom anna:
- gått i mot at staten overtok styringa og eigarskapet av sjukehussektoren fordi vi ønsker full offentleg og politisk styring av helsevesenet.
- Kjempa i mot nedlegging av fødetilbodet ved Storken, Haukeland Universitetssjukehus og i mot nedlegging av lokalsjukehus og avdelingar på Voss, Stord og Odda.
- Hatt eit tett og godt samarbeid med brukarorganisasjonar for å styrka og ivareta transportordninga for rørslehemma.
- Gått i spissen saman med elevorganisasjon mot samanslåinga av vidaregåande skular i fylket.
- Stått fast ved tidlegare vedtak om utbygging av vidaregåande skular, som det einaste partiet.
- Vore ein pådrivar for å oppretthalde gratis skuleskyss.
- Fremma forslag om å få fylkeskommunane til å sei nei til krigen mot Irak.
- Fremma fleire forslag for å styrka kollektivtransport gjennom lågare pris og auka investering for fortsette med kvalitetsavtalar med selskap og mot anbodsutsetting.
- Komme med framlegg om gratis skulebøker i dei vidaregåande skulane i Hordaland.
- Oppretting av familievernkontoret på Stord.
- Krav om livsnøytrale helsestasjonar for ungdom, samt kutta i stønaden til Alternativ til abort i Noreg ( AAN).
- Fremma krav om tariffavtale for dei tilsette ved pasienthotellet på Haukeland.
- Føreslått å auka og betra vegvedlikehaldet i staden for nye prestige prosjekt.
- Hardangerbrufondet skal oppløysast g midlane skal nyttast til rastrygging og næringsutvikling i Hardanger.
- Fremma forslag om prøveprosjekt med 6-timars normalarbeidsdag.
- Fremma forslag om at fylkeskommunen skal få større løyvingar frå staten, slik at det er meir samsvar mellom faktiske utgifter og folk sine velferdskrav.
